Følg

For ei stund sia omsette eg ein bunke strengar i Mastodon på pur trass. (7-9% elns.) Det er berre så dørgande keisamt, spes sia ein jamnleg må vri hovudet og gjette kontekst. Er det andre her som har tatt i lokaliseringa der?

@Steinar
Er det ikkje slik med dei fleste prosjekta? Eg har tatt eit par strengar i Mastodon. Det eg slit mest med er å finne eit konsekvent språk, særleg på tvers av forfattarar.

@tc Jepp, frykteleg plagsamt som brukar måtte bruke ulike skribentars individuelle ordval for det same. På jobb har forresten vi som gjer omsetting fått til at det ofte vert lagt ved ein liten screen capture av bruken av strengane i applikasjonen, slik at ein slepp sitte og imitere telepat. Skulle ønske infrastukturen for det kunne vera bygd inn i lokaliseringstenesta sjølv. Om ikkje ein video, i det minste ein screenshot. Eg er ikkje tech writer, vi pusher berre for mange språk for staben t.w.

@Steinar Dette er keisamt rutinearbeid. Eg veit, for eg har halde ved like nynorsk Wordpress i mange år (noko som kjennest litt dumt etterkvart, fordi Wordpress ikkje er så bra som det ein gong var). Einaste trøysta er at det er viktig arbeid som andre kan ha nytte av. Eg bruker ressursar som Skulelinux-ordlista, i18n.skulelinux.no/nb/Fellesor og mi eiga Wordpress-ordliste: translate.wordpress.org/locale

Logg på for å delta i samtalen
Snabelen.no

Ein norsk tenar for den desentraliserte sosiale media platformen Mastodon.