Fekk no mail frå #Telenor om at fiber går opp 60 kroner per månad.
Frå april i fjor auka den med 50 kroner.
Frå april 2022 auka den med 30 kroner.
Frå juni 2021 auka den med 60 kroner. Det var vel her det var ein auke i minimumshastigheit, men det trengte eg jo ikkje.
Mai 2021: 659
April 2024: 859.
Det er opp 30% på 3 år!!! F*ck this! Bakdelen med å bu på landet: éin leverandør.
#NorskTut
Da har eg min første dag utan fiber, men med fri data på mobilabonnementet mitt. Blir spanande å sjå om dette blir bra nok. Om ikkje, kan eg få fiber frå Global Connect litt rimelegare enn frå Telenor.
Forrige veke fann eg ut at ja, Telenor har notert at eg sa opp fiberen i februar, men dei har ikkje gjort noko med det. Fekk faktura for mai. Får tilbakebetalt den eg betalte for april (trudde fakturaen med fakturadato 29.02 og betalingsfrist 10.03 var for mars).
#NorskTut
Har brukt uforholdsmessig mykje tid på å finne ut korleis eg skal få brukt chromecasten no når eg har internett kun på mobilen.
Fann til slutt ut korleis eg skulle restarte chromecasten så eg kunne leggje inn det nye nettverket i Google Home-appen - på min gamle telefon, fordi wifi må vere PÅ for at Google Home skal sjå etter chromecasten men må vere AV på telefonen med sim-kort slik at den kan dele nettverk.
Men no kan eg sjå tv att! Mobilskjermen er litt liten for tennis og fotball.
#NorskTut
Lurar på kvifor autokorrekturen på telefonen, kor eg skriv ved sveiping, foreslår ordet "Telenor-sinne".
Kan ikkje hugse at det er eit ord eg har brukt før, som autokorrekturen kan ha lært frå meg, og ikkje skjønnar eg kva det skal bety. Sjølv om eg fleire gong sett orda "Telenor" og "sinne" i samanheng.
#NorskTut