snabelen.no is one of the many independent Mastodon servers you can use to participate in the fediverse.
Ein norsk heimstad for den desentraliserte mikroblogge-plattformen.

Administrert av:

Serverstatistikk:

440
aktive brukere

Guro

Eg reserverte den nyaste William Wisting-boka, Tørt land, av Jørn Lier Horst i bibliotekappen for eit par månadar sidan. Var nr 130 i køa. Talet har gått sakte ned til 125.
Så, boom! I dag: boka er tilgjengeleg for meg.
Min første tanke var: nei, eg har så mange bøker på gang!
2 papirbøker, 2 ebøker (den eine veldig lang) og 1 lang lydbok. Og eg lånte Solenoid på biblioteket forrige veke. Tjukk, rar bok? Kan ta tid.
Men pytt. Eg likar å lese litt her og der.

Starta på ei veldig interessant bok i går: The Book of Disappearance av Ibtisam Azem. Den kom ut i 2014, men den engelske omsetjinga er no nominert til den internasjonale Booker-prisen.
Premisset er: kva om alle palestinarane ein dag berre var forsvunne? Korleis ville israelarane reagere? Kva skjer så?
Eg er på side 70, og det er veldig interessant så langt.

@TanteGulo Spennende! Der Trump fikk ideen sin fra? …

@geirertzgaard Basert på korleis israelarar i boka reagerer, trur eg det er mange som har tenkt den tanken. Er vel det som er målet til Israel.

@TanteGulo
Hvordan klarer du holde på med flere bøker på en gang? 🤯

Dvs. jeg har jo lydboken i NRKs Leseklubben ved siden av bøkene i lesesirkelen vår, men da strekker jeg meg langt.

@worldwidewerner nei, eg veit ikkje. Eg berre trivst med å veksle mellom ulike bøker og ulike format? Vanlegvis har eg berre ei bok per format på gong, da (= 3 bøker om gongen, eller kanskje 4 om eg les ei sakprosa-bok òg). Men eg treng å ta pausar frå Les Misérables, for den er tidvis dryg, og så tenkte eg at eg burde iallfall begynne på The Book of Disappearance, for det kan vere fleire vil lese den no, og dei norske biblioteka har berre sånn 3 eksemplar i heile landet. Så da vart det slik 😅

@TanteGulo Jeg holder meg også med et sånt kategorisystem, men det er ei slags matrise med format og språk. Har vel stort sett fire gående i parallell om dagen. @worldwidewerner

@eivind
Ja, tidvis har eg òg ei fransk eller tysk bok gåande parallelt. Men ikkje akkurat no.
@worldwidewerner

@TanteGulo Elsker Libby-funksjonen som lar meg hoppe typ én plass bakover i køen hvis jeg ikke har tid akkurat når den blir tilgjengelig.