Eg reserverte den nyaste William Wisting-boka, Tørt land, av Jørn Lier Horst i bibliotekappen for eit par månadar sidan. Var nr 130 i køa. Talet har gått sakte ned til 125.
Så, boom! I dag: boka er tilgjengeleg for meg.
Min første tanke var: nei, eg har så mange bøker på gang!
2 papirbøker, 2 ebøker (den eine veldig lang) og 1 lang lydbok. Og eg lånte Solenoid på biblioteket forrige veke. Tjukk, rar bok? Kan ta tid.
Men pytt. Eg likar å lese litt her og der.
#BokTut
Starta på ei veldig interessant bok i går: The Book of Disappearance av Ibtisam Azem. Den kom ut i 2014, men den engelske omsetjinga er no nominert til den internasjonale Booker-prisen.
Premisset er: kva om alle palestinarane ein dag berre var forsvunne? Korleis ville israelarane reagere? Kva skjer så?
Eg er på side 70, og det er veldig interessant så langt.
#BokTut
@TanteGulo Spennende! Der Trump fikk ideen sin fra? …
@geirertzgaard Basert på korleis israelarar i boka reagerer, trur eg det er mange som har tenkt den tanken. Er vel det som er målet til Israel.