Eg lurer på å kjøpe ein litt meir ordentleg tenar enn den Odroiden eg har no. Er det nokon som har lyst til å dytte meg i rett retning? Krav til maskina er
- Stillegåande og lågt straumforbruk
- Plass til fleire diskar, relativt lette å byte ut
- Lett å køyre Linux på, så kanskje helst Intel/AMD
- Kraftig nok
- Gjerne brukt
- Ikkje så himla dyr

Eg innser at det kanskje er ein NAS eg ser etter, men kanskje andre slags maskiner òg kan funke? Det er mykje å velja i.

God alle! I dag har eg ein liten godbit på lur. Skrekkeleg irriterande, set seg på hjernen med ein gong (no er du åtvara!), og samstundes lærerik. Her får du nemleg lære korleis du uttalar namnet på den walisiske småbyen Llanfairpwyllgwyngyllgogerychwyrndrobwllllantysiliogogogoch (ja, eg skreiv dette utan å kopiere det). Det er berre å ta av seg hatten for vokalisten her, som syng heilt utan skam eller ironi. Bravo. yewtu.be/watch?v=1BXKsQ2nbno

Berre så det er sagt: Signal er utan tvil mykje betre enn Messenger (alt er betre enn Messenger!), så eg vil ikkje prate stygt om dei. Når til og med han Edvard Snøtun likar Signal, lyt det vel vera bra.

Vis tråden

Talk til alle for gode svar. Eg høyrer bra ting om Signal, men så er det atter folk som ikkje likar at all trafikk går via tenarane til eigarane. Akk ja. Problemet med Nextcloud chat er at du td. ikkje berre kan ta eit bilete og dele det i ei samtale - nei, du må laste det opp til Nextcloud-kontoen din fyrst, og *så* dele derifrå. Det gidd ingen. Elles bruker eg Nextcloud til mykje, både filer, musikkstrøyming, kontakter, notat og kalender. Alt funkar fint, utanom meldingar.

Vis tråden

Hjelp. Eg har eigen -tenar, men Nextcloud chat er ikkje enkel nok å bruka for dei som har brukarkonto ein gong. Eg får Messenger-meldingar frå folk som burde kunna betre. Kva skal eg invitera dei til å bruka som er like enkelt som messenger, men som ikkje gjev frå seg alle data?

God påske! Her kjem ein av frå . Me pratar om instrumentalen "Demring" av Langsomt mot nord, eit ganske nyskapande elektro-folk-band med Ola Snortheim og Jørn Christensen mfl. Denne utgåva er reint akustisk, spelt inn i løpet av ein times tid på ein Tascam 244, som det sømer seg tiåret (bilete: images.reverb.com/image/upload).

No skal det seiast at du kan fint laga Wordpress-nettsider som er godt under 512kB, så eg skal på ingen måte kritisere Wordpress for daukjøt. Men... lell då.

Vis tråden

Dette er litt moro. Eg har tukla meir med sida i dag, og total nedlastingsstorleik på framsida er no 25,1kB. Eg trur eg var oppi ca. 1,5MB då eg brukte Wordpress. Funksjonane og innhaldet på sida er meir eller mindre som før. Eg kan søkja medlemskap i 512kb.club/ viss eg vil.

Vis tråden

Litt eller : Bladre gjennom nettsider slik me gjorde før. Surfe.
Klikk på kategoriar eller prøv tilfeldige sider. neocities.org/browse

Dear @aral, have you tried on a single-board? I tried on an old Rpi model B, and it didn't much enjoy the experience (it doesn't really much enjoy anything else either).

Vel, då har eg flytt heimesida frå til . Eg skal på ingen måte påstå at det er perfekt, men eg fekk det i alle fall så nokolunde til. Sjekk ut viss de gidd. dvergamål.no/ er adressa, og god helg alle!

Eit etter ein tur i nettbanken.

Eg legg inn 89 kroner til
Fellatio Solutions AS
som eigentleg er
bomveg med Autopash
1399 til
Synergetic Sacrifice Clearance
som eigentleg er
ei heilt vanleg avis

Men
eg finn ingen direkte
eller indirekte måte
å ofre
noko til Satan på
eller
er det det eg har gjort?

...og no skal ikkje dette tolkast som språkleg kritikk av artisten. Han har rett nok mykje å svara for på det området frå tidlegare åndsverk, men knappast i nett denne songen.

Vis tråden

I avdelinga for små og mellomstore finn me dette: Kven er denne Fomai som Tickkx syng om i kjærleikssongen sin? Eg siterer:

Nei, hun er alt for bra, Fomai
Men hun får alle mine tusen tårer t'å tørke
Gjør lys ut av mørket, Fomai

Fomai, Fomai, Fomai (osb.)

Eg skulle tru at sladrepressa hadde funne ut av mysteriet for lengst, men det har dei tydelegvis ikkje.

Eg ser at NRK skriv om renta; at ho skal opp og at huslån kan bli dobbelt så dyre - nrk.no/ytring/om-noen-ar-blir- Så les eg om Oslo-buar som er fortvila fordi dei aldri får kjøpt eit hus. nrk.no/norge/norges-bank-holde

Det kan henda eg er i overkant bygdis her, men må folk bu i Oslo? Eg har litt vanskeleg for å forstå det, når det finst så mange andre minst like gode alternativ. Køyr debatt, eller?

Dagens eller kjem frå norsk-amerikanske Karen Jo Fields. Eg har alltid likt desse linene. Fin personifisering, korte og presise språklege bilete, og eit ganske bra stikk på slutten.

Nostalgic sailboats under a clear blue sky
They make the wind happy, they don't ask why
I'm uplifted by the way they cut through sea
My ring sinks to the bottom

Det hadde vore fint å like spesielt site.js, for då kunne eg potensielt køyre heile heimesida på ein eldgamal Raspberry Pi (modell b) eg har liggjande, men det er dumt å ikkje få til dei enklaste ting. No kan det sjølvsagt vera meg det er noko gale med, men eg har då koda i html før. Meininga er å erstatte sida mi på dvergamål.no/ , så dei som har lyst, kan sjå der. Finst det andre verkty eg kan kombinere med site.js, til dømes? 2/2

Vis tråden

Eg prøver å finne ein veg ut av Wordpress, for det har vorte veldig oppblåse etter kvart, og blokk-redigeringa er fæl. Dermed prøver eg ut Hugo og site.js, men eg synest ikkje dokumentasjonen til nokon av dei er noko særleg. gohugo.io/getting-started/quic og sitejs.org/ viser korleis du skal byggja ei enklast mogleg side, men så hoppar dei bukk over *vanleg* bruk og går rett til *avansert* bruk. Eg får ma. ikkje til å vise eit bakgrunnsbilete i toppen av sida. 1/2

Litt grovt språk 

Dagens kjem frå samlinga Punk, dunk av pseudonymet Ella Utøy (eg veit kven som er bak pseudonymet). Boka er full av spreke dikt, som under. Eg synest me alle kan lære noko av dette.

Ho bestemor sin livsvisdom

Livet,
sa ho bestemor,

Livet, jenta mi,
er nok ikkje berre
orgasme.

Det skal knullast òg.

Show older
Snabelen.no

Eit norskt podium for den desentraliserte sosiale media plattformen Mastodon.