Følg

Eg har akkurat lese ferdig "Elefantpassernes barn" av Peter Høeg. Etter å ha lese dei fleste bøkene av denne forfattaren må eg seia at det er dei barokke overdrivingane hans som tek meg. Det er setningane hans. Hjå Murakami er det forteljinga, hjå Høeg er det setningane, som er smidde og utskorne til det perfekte.

Boka var ein einaste fest, og det gjer meg glad at Høeg skreiv ei bok der han hadde det moro - i motsetnad til andre, gispande gode bøker, td. De få utvalgte. Les Høeg.

Logg på for å delta i samtalen
Snabelen.no

Ein norsk tenar for den desentraliserte sosiale media platformen Mastodon.