Følg

Eg har byrja å omsetja til , og eg er ikkje fornøgd med to ord som -miljøet kjenner godt til: Federate/federation og instance. Eg synest ikkje føderere/føderasjon eller instans er gode ord. Spesielt det fyrste er dårleg, fordi verbet er konstruert, og fordi dei norske orda ikkje tyder det me pratar om her. Har de, gode folk, framlegg til ord som skildrar denne prosessen, som både Mobilizon og Mastodon har felles?

Phju. Eit lite stykke arbeid, dette, men no har eg omsett vel 80% av utsida av Mobilizon. Har att akkurat 100 strengar.

Vis tråden

@aujawindar Eg har ikkje noko svar, men kanskje det går an spele litt ball? Kva tenker vi på med føderering (altså det konstruerte ordet, ikkje det å grunnlegge ein føderasjon)? Gjensidig, desentralisert utveksling av data? «Datadeling i eit stjernenett utan sentral autoritet» fungerer ikkje så bra. ;)

@Steinar Nei, men du har sjølvsagt rett i at det er det som skjer. Ein eller annan variant av ordet "desentralisert" kan kanskje fungere? Døme: "Mobilizon is a federated network" kan like godt vera "Mobilizon er eit desentralisert nettverk". Mykje av meininga er med der, synest eg.

@aujawindar Berre litt meir høgttenking: «Federated» og «decentralized» vert brukt litt om kvarandre på engelsk, avhengig av kontekst, men for meg verkar det som federated gjerne har med «federate data from multiple sources» og liknande nytale frå Silicon Valley, medan decentralized er meir nøytralt og generelt. Difor er eg litt uroleg for bruke «desentralisert» som direkte omsetting, i alle fall. Kanskje noko som legg vekt på at det ikkje finst ein sentral autoritet er ein innfallsvinkel?

@aujawindar Når det er sagt, er eg samd i at det viktige poenget kjem med i eksempelet ditt.

@aujawindar Eg heller meir og meir til berre bruke «desentralisert», for alt anna eg kjem på er berre uforståeleg. «Laust samanslutta nettverk», td, er jo knapt meiningsberande med mindre ein allereie veit kva det er snakk om.

@aujawindar Mtp instance er hjernen min så øydelagd av programmeringsengelsk at eg aldri har tenkt over at det ikkje er eit bra ord, men i ordboka står vitterleg ikkje «eit einskild, konkret tilfelle av eit meir generelt konsept» ein gong som ein mogleg definisjon, så absolutt klikkspråk.

@aujawindar Tenar? Det er vel etablert nok til vera forståeleg, men peikar på feil ting. Eksemplar? Korrekt omsetting, men klin uforståeleg. Bygd? Artig ord, men krev oppbygging av nytt omgrepsapparat. Nei... vanskeleg, det her.

@Steinar Takk for fleire gode innspel. Visst er dette vanskeleg. Dette er noko av moroa med å omsetja, og det har eg gjort ein heil del. "Tenar" er eit brukbart ord som allereie er i bruk, og meininga på norsk er "ei maskin som gjer arbeid for andre", altså ei maskin der du køyrer td. Mobilizon og Mastodon.

@aujawindar Jepp, klar over bruken av «tenar», eg nemnde det av di det er slik eg ofte tenker på mastodon-instansar, eller kva no ein burde kalle dei. Teknisk sett er det jo likevel feil, tenesta som ein «instans» leverer kan jo gjerne verte levert av fleire tenarar i sum. (I tillegg til distinksjonen du peikar på, sjølvsagt.)

@aujawindar eg er fornøyd med føderering. Det er mykje desentraliserte ting om dagen, og føderering kan vøre eit nytt begrep som fanger korleis ting skjer og speglar kirleis det er tenkt på engelsk.

Om eg skulle byte må det være eit norskt ord som gjer sama jobben, for eg følar ikkje desentralisering gjer. Er litt utvanna begrep, spess i norskt samenheng.

Men likar ikkje heller at desentralisering implisere noko som ikkje heng ihop, og kvifor eg pleier å ikkje nemne desentralisering

@christoffer Det du seier, som vert for Mastodon, har ein del vekt. Problemet med føderering er at det er eit nokså meiningstomt ord på norsk - spør kven du vil (utanfor Mastodon) om kva det tyder, så vil du få tomme blikk som svar. Difor treng me, som du skriv, eit norsk ord som gjer same jobben.

Eg er ikkje samd i at "desentralisering" inneber at ting ikkje heng i hop, men eg er ikkje 100% fornøgd med det ordet heller som omsetjing for federation. Til no er det likevel det beste framlegget.

@aujawindar vi er ganske enige då hehe.

Men eg må seg at eg likar at folk ikkje veit kva flderere er fordi da kan eg bruke litt tid på å forklare det.

@aujawindar eit nytt innspell er å kalle det eit "spredt nettverk" med st desentralisert er ikkje eit heil-norskt uttrykk

@christoffer Takk for innspel frå målungdomen (kvar er dette frå? Reddit?). No finst det sjølvsagt både ressursar og ordlister for dataspråk på norsk, td. i18n.skulelinux.no/nb/Fellesor , og dei er godt gjennomarbeidde og har vore i bruk lenge. Men korkje instance eller federation står der. Eg trur me må tenkja litt nytt: kva er "federation" på norsk? Det er nettenester spreidde på fleire tenarar/domene istfr. eitt sentralt domene, men det er i grunnen allereie definisjonen på eit nett. 1/2

@christoffer Federation-tenester er langt meir finmaska enn gigantane, i dette tilfellet Facebook & co. Kanskje me kan bruke dei metaforane? Noko finmaska og lite, ein underskog, eit busk- og kratt-nettverk? Ei nett-grend i staden for ein metropol? Eigentleg er det fiskegarn-strukturen til federation-nett som er det ordentlege nettet, ikkje den edderkopp-strukturen som mykje av nettet er i dag. Me kan kanskje difor gjera det enkelt og berre kalle det eit nett, som det røynleg er? 2/2

@christoffer Å ja. Men du må få dei over hit! Det er her det skjer ;-)

@aujawindar posta tråden der. Tenkjar eg vervar sakte men rolegt heheh

Er slitsomt nok å få alle spørsmåla om omsetjing og språk til teknologi trur eg

@aujawindar @christoffer Nettgrend var eit ord eg reint konseptuelt likte for «instance». Dei har mange liknande eigenskapar. :)

@aujawindar Kanskje forbund istedenfor føderasjon og klubb istedenfor instans?

Og istedenfor desentralisering, kanskje det er bedre å legge vekt på hva som blir skapt? Klubbifisering klinger ikke så bra, men er ett eksempel.

@vega Forbund og andre ord for samling eller gruppe er ein god ide, det òg! Kva med laug?

@aujawindar Ja! Da høres jo også laugifisering av internettet så mye råere ut😝

@vega @aujawindar Litt friassosiasjon: Samlag, samling. Forbund, samanbinding. Laug, organisering. Samband, sameining. Lapskaus, samansausing.

Eg er ikkje veldig glad i ordet laug her, spesielt av di det gir assosiasjonar til konkrete opptakskrav og vilkår for kunne drive ei verksemd.

@vega @aujawindar Hadde Mastodon vore ein organisasjon, så var det ein paraplyorganisasjon, ein organisasjon av organisasjonar, medan Snabelen hadde vore eit forbund.

@vega @aujawindar Men det seier ikkje tydeleg at dei ulike instansane er klonar av kvarandre. Og det er dei kanskje ikkje heller? To forbund i Noregs idrettsforbund kan vera ganske ulike, men to fotballag ser meir ut som instansar av samme klassen.

@enannenen @vega Eg hallar mot noko endå enklare: Snabelen er ein stad, nærare: ein nettstad, og endå meir presist: Ein Mastodon-nettstad. Ein nettstad på det spreidde nettverket Mastodon.

@aujawindar Jeg pleier å referere til instanser som nettsider dersom jeg promoterer dem. For eksempel, når jeg promoterer snabelen.no, så sier jeg at det er en nettside for mikroblogging for norske brukere. Å trekke frem at det er desentralisert eller føderalt er distraherende ettersom at vi bør fremme nyttigheten av disse tjenestene heller enn hva de står imot.

@vega Samd. Det er difor eg (førebels) har valt å bruke nettstad som omsetjing for instance. Sjølvforklarande og presist nok.

@aujawindar federated network = «digital allmenning»? Berre ein tanke

@Ganoa @aujawindar Med digital allmenning tenker eg heller noko i retninga «creative commons» og omgrepsapparatet der.

@aujawindar Synes føderere funker fint, jeg. Som på engelsk er det et kjent ord og det gir sånn omtrent riktige konnotasjoner, så det er litt intuitivt å forstå hva det dreier seg om (tror jeg?). Nå er jo alle ord konstruerte (for å være skikkelig pedantisk), men "føderere" som ei verbavledning av "føderasjon" har altså vært brukt i norsk før - det ligger i NAOB, både brukt om politikk og om IT (se: naob.no/ordbok/f%C3%B8derere ). Riktignok trolig ikke hyppig brukt, og ikke i noen bøker som er søkbare i nasjonalbiblioteket, men lell. (det går altså an å bruke noe anna, men synes det funker fint - da slipper vi også å oppkonstruere substantiv og adjektiv (føderasjon/føderativ)).

Jeg er mye mer skeptisk til å bruke instans. Riktignok finnes ordet i norsk, men det er imo veldig tydelig kobla til offentlig myndighet og makt, og gir ikke helt den samme "nøytrale" klangen som det har på engelsk. Altså - sjøl om sørvere/tjenere på mastodon teknisk sett er diktatur, så er det jo en følelse av at de er fellesskap/samfunn, og ikke noe som er sammenlignbart med f.eks. tingretten eller fylkesmannen.
(men her også: NAOB (men ikke ordboka til språkrådet/uib) gir en definisjon under IT for instans naob.no/ordbok/instans).

Jeg har ikke noe godt forslag, men imo burde man bruke noe anna enn "instans", pga det over. Jeg er kanskje litt fan av å rett og slett bruke tjener (evt. sørver) (det er jo det de til syvende og sist er, og sørverkonseptet er jo *relativt* allment kjent). (andre muligheter er kanskje "ledd" eller "utgave"? sånn off the top of my head)

Forøvrig: Ting havner jo i ordbøker ettersom de tas i bruk, så det er i så måte ikke noe i veien for å gi nye betydninger til ord, men jeg tenker at særlig i såpass marginale prosjekt så er det etter mitt syn viktig at orda er så intuitive og lettforståelige (særlig for oss ikke-teknikere) som mulig, herunder at de konnotasjonene ordene allerede har er passelig med den nye bruken.

@victor Godt innlegg. Tenar går bra for instans, og det same gjer (nett)stad, synest eg.

@Steinar Gubba. Er det eit Aasen-ikon? Du store for ære.

@aujawindar Og no har eg oppdaga det både er @mobilizon og . Eg visste ikkje at prosjektet er representert her på Mastodon.

@aujawindar Hva med ord som åpen og spredd? Spredd er mindre fremmedord enn desentralisert. Åpen er viktig fordi desentralisering i seg selv ikke sier noe om hvem som kontrollerer instansene.

@bjoernstaerk Eg gjekk bort frå "desentralisert" etter ymse innspel herifrå, og det ser ut som "spreidd" kan fungere. Det er i bruk no.

@aujawindar Instans: Hva med ord som hjem eller hjemsted? "Før du kan bruke Mobilizon må du velge et hjemsted." "Mitt Mobilizon-hjemsted er..."

Logg på for å delta i samtalen
Snabelen.no

Ein norsk tenar for den desentraliserte sosiale media platformen Mastodon.