Følg

Joho godtfolk, og god laurdagskveld! Eg har eit lite oppdrag til dykk nettverksskallar: Eg har omsett ferdig til nynorsk, og bed dykk prøve ut herlegdomen på demo.mobilizon.org/. Eg sjølv har sett nokre glepptak i omsetjinga, og tek gjerne imot fleire rettingar.

Eg synest dette er ei bitteliti markering verdt, fordi eit fint alternativ til Facebook-grupper og -hendingar no er opna for norske brukarar. Eg tek eit glas raudt, i alle fall, så får de hine gjera som de lystar.

@aujawindar Godsaker frå Eik & Tid her, skal ta ein kikk på verket når eg har eit skikkeleg tastatur under fingrane. 🥂

@aujawindar
Bra jobba! Få nokon til å bokmålifisere den au no, så blir det bra! 👍

@tc @aujawindar
Som bokmålsbruker klarer jeg meg lenge med en nynorskversjon. Men kan du gjøre noe med datoformatet?

@enannenen @tc Oj, godt poeng. Eg såg ingen streng for datoformat i omsetjinga, så det spørst om Framasoft & co. har koda det direkte inn i kjeldefilene. Korleis er eigentleg datoformatet, forresten?

@aujawindar
På norsk bruker vi dato måned år og når dato og måned er numeriske så etterføges de av punktum. Men det der skulle setlocale ha tatt seg av. Så kanskje du må sende en feilmelding.

@aujawindar
Det du kanskje kan gjøre noe med er plasseringen av ordet "den". Søndag den 15. Ikke Den søndag 15.

@enannenen No har eg retta det. Eg fjerna heile "Den" i datoar, fordi det i grunnen er overflødig når me skriv datoar på norsk. Vonar det er betre no. Eg veit ikkje kor lang tid det tek før endringane bilr synlege på demo-nettstaden.

@aujawindar Det som er merkelig er at på ei side som ellers har nynorsk tekst, kommer datoen på engelsk:

Dato og klokkeslett
Den Thursday, 5 November 2026 frå kl. 18:00 til 23:00

Jeg har satt nn som accept-language

Men på mobilen min, som snakker svensk, blir det slik:

Date and time
Den torsdag 5 november 2026 från 18:00 till 23:00

@enannenen Kan jo vera så enkelt som at dei bruker eit lokaliseringsbibliotek med feil/har ikkje generert alt som skal med på tenaren.

Det ligger nok utenfor @aujawindar sinkontroll. På Vivaldi ser det slik ut:

Dato og klokkeslett
Den torsdag 5. november 2026 frå kl. 18:00 til 23:00

både på bokmål og nynorsk.

Er det slik at landskoden styrer datostrengene, mens språkkoden tar oversettelsene?

@enannenen Eg veit korleis det der fungerer på ein Freenix, men weben er eit katastrofeområde av dimensjonar der eg ikkje aner kva det korrekte svaret er.

@enannenen Eg veit korleis datoformatet er på norsk, men eg hadde ikkje fått sjekka korleis Mobilizon viste det. Takk for at du såg dette, eg har definitivt sett ein førekomst eller to av "den"+dato. Eg skal fikse det i kveld.

@aujawindar @enannenen Tja, dd.mm.yyyy og variantar av det er absolutt vanlegast, det skal eg ikkje protestere mot, men streite ISO-datoar er norsk standard, dei òg (og har vore det ei god stund): standard.no/no/Nettbutikk/prod

@aujawindar @enannenen Ei god stund er 27 år i dette tilfellet, så vidt eg kan fastslå.</digresjon>

@aujawindar
Eg skulle gjerne invitera deg inn på treffast.no, men dessverre så havnar all utgåande e-post frå den i spamfilteret til epostleverandøren min...😒

@Tor Christian 🇧🇻 Har dere noen plan om å spesifisere "Reglar for nettstaden" noe mer? Den er noe vag.

@harald
Det burde vel gjerast. Eg har bare fått det opp og køyre for å kome igang. Burde få den over på ein meir etablert rigg etterkvart tenker eg.

@Tor Christian 🇧🇻 Ah, ok. Skjønner ting kommer etter hvert da. Bra tiltak, digger domenet!

@aujawindar Vi som driv fri kultur har laga ein norsk instans!

treffast.no/

er foreløpig berre demo då

Logg på for å delta i samtalen
Snabelen.no

Ein norsk tenar for den desentraliserte sosiale media platformen Mastodon.