Joho godtfolk, og god laurdagskveld! Eg har eit lite oppdrag til dykk nettverksskallar: Eg har omsett #Mobilizon ferdig til nynorsk, og bed dykk prøve ut herlegdomen på https://demo.mobilizon.org/. Eg sjølv har sett nokre glepptak i omsetjinga, og tek gjerne imot fleire rettingar.
Eg synest dette er ei bitteliti markering verdt, fordi eit fint alternativ til Facebook-grupper og -hendingar no er opna for norske brukarar. Eg tek eit glas raudt, i alle fall, så får de hine gjera som de lystar.
@aujawindar
Bra jobba! Få nokon til å bokmålifisere den au no, så blir det bra! 👍
@tc @aujawindar
Som bokmålsbruker klarer jeg meg lenge med en nynorskversjon. Men kan du gjøre noe med datoformatet?
@enannenen @tc Oj, godt poeng. Eg såg ingen streng for datoformat i omsetjinga, så det spørst om Framasoft & co. har koda det direkte inn i kjeldefilene. Korleis er eigentleg datoformatet, forresten?
@enannenen Eg veit korleis datoformatet er på norsk, men eg hadde ikkje fått sjekka korleis Mobilizon viste det. Takk for at du såg dette, eg har definitivt sett ein førekomst eller to av "den"+dato. Eg skal fikse det i kveld.
@aujawindar @enannenen Ei god stund er 27 år i dette tilfellet, så vidt eg kan fastslå.</digresjon>
@aujawindar @enannenen Tja, dd.mm.yyyy og variantar av det er absolutt vanlegast, det skal eg ikkje protestere mot, men streite ISO-datoar er norsk standard, dei òg (og har vore det ei god stund): https://www.standard.no/no/Nettbutikk/produktkatalogen/Produktpresentasjon/?ProductID=158392