Følg

Heilt enig! Blir heilt feil når dei som skriv bokmål ikkje må lære seg nynorsk men så må oss som skriv nynorsk lære oss to skrifts-mål.

Dette e ikkje likestilling tå skriftsmål!

aftenposten.no/meninger/sid/i/

@christoffer
Enig med denne! Men det som er ekstra kjipt er at dei som har vore nynorsk-elevar ofte byttar til bokmål når ein byrjar å studere. Det er kanskje litt med i samanhengen om at når ein søkar opp ting på nettet så må ein nesten skrive bokmål. Det er vanskeleg å få opp like monge kjeldar på nynorsk som på bokmål ¯\_(ツ)_/¯

@Jordbruket Jepp! Berre ta Wikipedia! Nynorsk skrivarar må bli flinkare til å fylle inn der og kanskje også oversetta ting.

Mastodon for eksempel manglar mykje og treng betre oversetting på nynorsk, men eg jobbar med det.

@Jordbruket @christoffer Eg skreiv hovudfaget mitt på nynorsk. Samtlege kjelder og lærebøker var på engelsk. Skal ein nytte nynorsken ved slike høve må ein vera viljug til drive konstant språkrøkt og i praksis etablere fagspråket sjølv. Da må ein vera hakket meir interessert, sta eller engasjert enn dersom ein tek minste motstands veg med bokmålet eller, enda verre, stotrande norsk-engelsk (norgelsk?).

@Steinar

Og når ein gir opp nynorsken så får det konsekvensar for restens moglegheit te å drive nynorsk. 😰

@Jordbruket

@christoffer @Jordbruket Jepp. Laupet er no vel eigentleg køyrt, både for nynorsken og norsk generelt, men eg aktar no ikkje late det hindre meg frå noko som helst. Nynorskbrukarar er jo uansett venta vera trassige og innfule. ;)

@Steinar @Jordbruket

Eg trur det ligg godt ann eg, e fortsatt masse nynorsk brukarar, og eg e faktisk ny nynorsk brukar og konverterte for litt over eit halvt år sia!

Eg trur nynorsk e litt som ein slags slekts-suvenir, du tek vare på den og steller den for dei neste generasjonane. Om du ikkje tek vare på den faller den burt.

@christoffer @Steinar
Det handlar nok og ein god del om kvar du kjem i frå. I nokre kommunar er det svært vanleg å bruke nynorsk. Er enig i at det er håp!

@christoffer @Steinar @Jordbruket
For min del er det 2 "problem" med å skrive til dagleg:
1. Eg er usikker på om orda eg skriv er dialektord eller godkjende ord på nynorsk.
2. Ord som "sikkerheit" følast svært feil å skrive, som at ein prøvar å skrive nynorsk med berre å byte ut "e" med "ei".

I tillegg kjem alle desse engelske fagspråka, særleg i IT-verda eg mykje forheld meg til. Det sit langt inne å skrive sørvar (alt. tjenar) framfor server.

@tc

Eg sjår på nynorsk som eit litt meir formelt språk eg. Eg meine det e viktig at ein har lov å skrive dialekt som passar veldig fint til uformelle ting som teksting, sosiale mediar.

Men for meir formelle ting passar nynorsk inn.

Sjølv vill eg bli ordentlig god på nynorsk før eg lærar meg å skrive godt vågvær for eg har same problemet med dialekt ord

Men ein forstår også bedre sammenhengen tå dialektane når ein lærar nynorsk synest eg.

@Steinar @Jordbruket

@tc @Steinar @Jordbruket

E heller ikkje tilfeldogt korlris Ivar Aasen bygde opo språket og prioriterte ord og dialektar ettersom hen var linguist og fryktelig interessert i gammalnorsk! Så e mykje kult med tankje på samenheng i dialektar.

@tc @christoffer @Jordbruket Min eigen innfallsvinkel på dei to: 1: Vurder publikummet, må eg halde meg innafor eller ikkje? Dersom eg må, er ordbok.uib.no/ ein fantastisk ressurs, anten det er bokmål eller nynorsk. Finst som app òg. 2: Vel, ja, «sikkerheit» er dårleg norsk, det er substantivering der ein ofte heller burde bygge setninga med verb og adjektiv. (Nynorsk er funksjonelt, bokmål er objektorientert? ;p ) Mtp engelske lånord, igjen, eg vurderer publikummet. 1/2

@tc @christoffer @Jordbruket Ofte er dei norske fagtermane utilstrekkeleg etablerte og vil ganske enkelt ikkje vera råd skjønne for mottakaren, uavhengig om det er bokmål eller nynorsk. Eg har lite skruplar med lånord, eg meiner låne inn ord så lenge det er for presisjon eigentleg er heilt greitt. Det er jo heller ikkje uvanleg at dei korrekte fagtermane i praksis medfører dårleg språk, og da må ein jo bøye seg for faget, ganske enkelt for halde det heile forståeleg. 2/2

@Steinar @christoffer @Jordbruket
Det med lånord er forsåvidt også årsaka til at eg ikkje sett opp Linux med språk.

@tc @Steinar @Jordbruket Eg har debian installasjonen min på og funke drit fett.

Eg sørge også for å installere nynorsk språkpakke på alle dataene eg installere linux på i hemmelighald også 😈

@christoffer @Steinar @Jordbruket
Men når ein er vand med å trykke "Y" for å godta oppdatering av programvare, og det på forventar "J", då blir det berre ball programatisk. Då må oversettjaren også oversettje programmet `yes` manpage.me/?q=yes til `ja`.

@tc @Steinar @Jordbruket

om ein skrivar "-y" ska det funke uansett kva slags språkpakke ein brukar trur eg.

Men eg synest det e morro å skrive "j" heheh 😂

@Steinar @christoffer
Sant det og! Men det er mykje meir informasjon på bokmål, uheldigvis enn nynorsk. Det er knallbra at du skreiv nynorsk i studietida di!

Logg på for å delta i samtalen
Snabelen.no

Ein norsk tenar for den desentraliserte sosiale media platformen Mastodon.