Følg

Eg er litt lei meg. MDG har aukt i resultat, men er det feil å ha håpa på meir?

@christoffer Det er slett ikke feil å ha håpet på mer, men som de sa på valgvaken - det er endring av politikk som teller.
Alt i alt ble det framgang for flere partier som er opptatt av natur og miljø.
Det ble i det minste ikke rent flertall for en koalisjon av de to «öl, öl, und mehr öl»-partiene Fremskrittspartet og Industripartiet 😃

@christoffer
Nei, eg hadde òg håpa på meir.. Med tanke på FN rapporten og alt som skjer i verda.
Men det er fleire store lyspunkt i alle fall: MDG får 3 mandatar i staden for 1. MDG blei større i Oslo, der dei allereie var ganske store. Valnederlag for oljepartia.

@matiaslavik @christoffer Eg òg ville heller sett MDG enn V over sperregrensa. Men trass alt auke. Og Raudt! Yeah! Moxy for president!

@aujawindar @christoffer Ja, Raudt klarte seg bra! Er spent på om dei kan få gjennomslag for nokre av hjartesakene sine etter kvart.

@matiaslavik @christoffer Eg er litt redd for at Ap, Sp og SV set Raudt i kjøleskåpet og ikkje vil prate med dei. Dei *treng* ikkje R for å få fleirtal. Martin Kolberg sa i dag at han ikkje trudde R kom til å få så stor innverknad, og det kan han ha rett i.
Samstundes åtvara Moxy i dag om at Raudt kan vekse seg endå større neste gong dersom ikkje Ap-regjeringa no faktisk endrar kurs. Kanskje ein halvtom trussel, kanskje ikkje.

@aujawindar @christoffer Ja, det er eigentleg eit poeng det.
Eg har kanskje litt meir trua på SV der. Dei var jo det einaste partiet utanom MDG som stemte for Rødt sitt forslag om utvida tannhelsereform, og har meir til felless med Rødt. At desse partia blei såpass store no kan absolutt legge press på Arbeiderpartiet.

@christoffer I alle fall det er mykje lettare å pressa AP i ein grøn retning heller enn høgre.

@christoffer Merker jeg er mer redd enn skuffa. Sannsynligvis når MDG sperregrensa om 4 år, men da er det for sent for klimaet :(

Logg på for å delta i samtalen
Snabelen.no

Eit norskt podium for den desentraliserte sosiale media plattformen Mastodon.