Følg

Synes det er leit at folk heile tida går slik mot Mozilla som har eineste webmotoren som ikkje er chrome akkuratt no. Å prøve å spre eit dårlegt omdømme om mozilla på denna måten og frastå frå firefox betyr berre at man gjer det meir sannsynelegt at chrome blir eineste brukte webmotoren i verda

Slik ting er no er det heilt naturlegt at Mozilla må finne løysingar for å halde på

Kjerp dykk!

Heldigvis skriv eg på norsk så eg slipp alle dessa folka lol

@christoffer Eg bruker Firefox stort sett med glede, og skrur aktivt av dei funksjonane eg ikkje likar. Eg likar at Firefox finst, men det tyder ikkje at programmet er feilfritt, eller at Mozilla ikkje skal tole kritikk. Tvert om kan det vera eit uttrykk for at folk bryr seg om nettlesaren sin og vil at han skal vera betre enn han er no. Det er bra.

@aujawindar @christoffer Mozilla driv jamnleg med dobbelkommunikasjon, spesielt pga Mozilla corp vs Mozilla foundation. Eg postar dette frå Firefox, og Aral Balkan har ein tendens spissformulere saftig, men eg føler han har eit poeng her: mastodon.ar.al/@aral/107070299

Mozilla hevder dei held ein høgare standard, og da er det vel berre sakleg at vi kritiserer dei når dei ikkje oppfyller det? Det var sant, var det firmaet eller skipinga eg snakka om no? :-]

@Steinar @aujawindar eg følar det er forskjell på å ønskje "i ein idiell verd så var mozilla sånn" og at mozilla har tapt all min tillit og at det er ingen grunn til å støtte dei.

Som sagt, det er chrome eller firefox/nettlesare basert på firefox slik som chrome. Uansett kva skags posisjon ein tek så er det betre ein chrome.

Om det betyr at dei må vere litt meir pragmatiske eller ordinære for å kunne eksistere så er det ein bra ting.

Betre firefox ein berre chrome liksom

@christoffer @Steinar Det er ingen her som pratar om å ha "tapt all tillit" til Mozilla. Det er prat om å yte rettkomen kritikk mot selskapet Mozilla, som tek imot store summar frå nettopp Google, og som bakar inn i Firefox standardval som sporar brukarane for mykje. Skal Firefox overleva, må han vera bra moralsk òg. Å kritisere Mozilla med mål om å få ein betre Firefox er bra.
Eg forstår heller ikkje kva du meiner med "ordinær". Er det ordinært, det Mozilla gjer?

Logg på for å delta i samtalen
Snabelen.no

Ein norsk heimstad for den desentraliserte mikroblogge-plattformen Mastodon.