(English below) Spørsmål om -erstatning: Eg for min del bruker til gjevande småsamtalar, men skulle gjerne fått bygda mi over på noko anna enn Facebook-grupper. Mastodon er ikkje heilt eigna. Har nokon framlegg?
Mastodon is good for chats and social web life, but it's not suited or meant for what Facebook groups does. I'd like to get my local community away from FB groups, preferably something and perhaps . Suggestions?

Det eg eigentleg saknar, er noko slikt som Origo. Hugsar de det? Det var bygd opp rundt lokalsamfunn og interessefellesskap (me hadde fjaerland.origo.no), hadde kalender, biletgalleri og vanlege bloggfunksjonar, men var samstundes knytt opp mot meir enn berre den lokale bloggen: Lokalavisene brukte Origo som kommentarplattform, altså eit slags føderert innhald. Synd det vart utkonkurrert av Facebook. Finst noko liknande no i dag?

Vis tråden

@aujawindar Eg saknar Origo òg. Jungeltelegrafen fungerar ikkje like bra på FB.

@pilum Nei! Det er akkurat saka. Origo var skrudd saman betre for det føremålet, og det er noko slikt eg saknar. Facebook er rett og slett ikkje like bra. Slik @christoffer legg det fram, er ikkje heilt der heller enno. Skal eg då tolke det slik som at det ikkje finst løysingar som kan fungere for grupper og/eller lokalsamfunn no? Reine bloggar er ikkje så aktuelt, tenkjer eg, fordi løysinga må kunne gje eit visst sosialt liv utanfor gruppa òg. Svaret på det er truleg føderering.

@aujawindar @pilum @christoffer Eg gjorde ein liten researchrunde på kor det har vorte av infrastrukturen bak origo.no, og no.wikipedia.org/wiki/Undersko og sanity.io/ er vel svaret. (Eg brukte aldri origo.no sjølv.) (Folk i tråden her visste sikkert dette, men det var nytt for meg, så eg deler sånn i tilfelle.) Framasoft er ein annan «usual suspect» mtp kunne lenke til opne løysingar for «folk flest», men dei hadde ikkje noko vi ikkje har vore inne på, dei heller.

@aujawindar @pilum @christoffer Og her er vel noko av grunnen til at ikkje nokon snakkar om GNU Social: github.com/tootsuite/mastodon/ «Ikkje nokon» bruker OStatus.

@Steinar

Men activitypub og mastodon har oppsett for grupper! Berre at madtodon ikkje er meint for grupper.

Trur vi får meir gruppefunksjonalitet i framtida, men er nok ein del ting som kjem først i prioriteringslista.

Eineste løysinga eg har er desentraliserte chatte tenester slik som xmpp/jabber, matrix/riot og deltachat.

Deltachat er kanskje det mest aktuelle ettersom det brukar eposten din. Verdt ein lesing av nettstaden deres.

@aujawindar @pilum

@christoffer @aujawindar @pilum Men, at ActivityPub allereie har grupper, gjer jo organisere ein code bounty for grupper i Friendica enda meir nærliggande, da.

@christoffer @aujawindar @pilum Eg har null trøbbel med avsløre kor lite eg veit i denne diskusjonen, men er ikkje «Private Forums» i Friendica direkte analogt til lukka grupper i Facebook?

@Steinar @christoffer @aujawindar Det kan godt vere (eg har ikkje brukt Friendica), men det er ikkje lukka grupper som var interessant med Origo (for min del). Tvert om, dei opne fora og, ikkje minst, kalender og bildegalleri.

@pilum @christoffer @aujawindar «Er det ein Friendica-brukar i salen?!» Eg ser på friendi.ca/about/features/ at dei kryssar av for alt det, men spørsmålet er jo om det er brukbart (nok).

@Steinar

Eg brukar friendica på nerdica.net. Det funker bra! Men mangler grupper, men er nok berre å gjere en bounty eller ta kontakt på Github!
@pilum @aujawindar

@christoffer @Steinar @pilum @aujawindar
Interessant tråd det her.
Spesielt gjeld det også frivillige organisasjonar og andre grupperingar. Eg var i dialog med ein stor frivillig organisasjon her til lands, og der foregjeng mykje av organiseringa via Facebook. Arrangementer, diskusjonar og liknande. Den slags fungerar dårleg på Mastodon. Kanskje Friendica ville vore eit betre alternativ?

@tc @christoffer @Steinar @aujawindar Eg skal prøve å installere Friendica lokalt i kveld og leike meg litt.😃

@pilum @tc @christoffer @Steinar Ja, gjer gjerne det! Og då har me eit godt høve til å få tilbakemelding på akkurat den funksjonen me er ute etter her :) Takk.

@aujawindar @tc @christoffer @Steinar No skal sjølvsagt "alt" konspirere mot meg i ein sann situasjon. 😛

Status so langt er at eg har fått installert Friendica (etter å ha gjenoppretta MariaDb sine databasefiler), og teke ein kjapp testrunde på enkel posting med bilde, og kalenderfunksjonalitet. Og banna stygt då KSnapshot (av alle ting) ikkje ville starte grunna eit problem med libssl (av alle ting!). :octothink:

Prøver igjen i kveld. 😆

@aujawindar @tc @christoffer @Steinar Ift. enkel posting so trengs det ein betre RTE, syns eg. Men eg snubla over eit prosjekt som eg tenker å teste ut òg: github.com/friendica/Squire

@pilum @tc @christoffer @Steinar Bra du prøver ut! Eg må bryte saman og tilstå at eg ikkje heilt veit kva RTE er, men det kan vera rik tekst-redigering. Eller Recep Tayyip Erdogan, men eg trur kanskje ikkje det i denne samanhengen.

@aujawindar @tc @christoffer @Steinar Gitt at ein instanse representerer eit gruppe - ei bygd, eit korps, eit flettekorglag, osv., so vil eg seie at Friendica har potensiale.

Dei to tinga eg saknar akkurat no er ein rik teksteditor - eg ser det er instanser som tilbyr TinyMCE for eksempel, men eg har ikkje funne nokon offisiell måte å ta det i bruk enda - og offentleg kalender som er tilgjengeleg utan at ein må vere logga inn.

Eg har stilt spørsmåla på IRC og håpar å få tilbakemelding på dei.

@aujawindar @tc @christoffer @Steinar Testinstansen min køyrer på localhost i ein underkatalog, noko som ikkje er anbefalt, men det ser i alle fall slik ut no:

@pilum @tc @christoffer @Steinar Eg slenger meg på og seier tusen takk for utprøvinga. Du tenkjer altså at me (Noreg/organisasjonar/lokalsamfunn) treng ein Friendica pr. organisasjon? Det blir sjølvsagt himla mange tenarar som skal køyra, men det er det som er fødererte sosiale nettverk, og det er vel mykje av poenget.

Men altså: Vil du vurdere det slik at me kan 1) køyre i veg og installere Friendica på ein eller annan tenar og 2) Invitere folk over frå alle dei ulike Facebook-gruppene?

@aujawindar @tc @christoffer @Steinar Ein per lokalsamfunn er sikkert ei grei inndeling, litt à la Origo. Og det skal ikkje vere noko problem so vidt eg kan sjå å ha fleire instanser køyrande på same tenar (både nett og database) so lenge dei får kvart sitt subdomene.

@pilum @aujawindar @tc @christoffer Det er litt synd ein må fyre opp instansar, sjølv om Friendica-folka har ordna med offisielt Docker-image og full pakke, for da må ein ha "nokon" som er "litt teknisk". Eg har ikkje klart finne "hosted Friendica" eller "Friendica as a service".

@Steinar @pilum @tc @christoffer Nei, og me er vel heller ikkje heilt sikre på at Friendica er Svaret med stor S på alt me har imot Facebook. Men eg for min del er viljug til å prøve, så får me sjå.

@Steinar @pilum @tc @christoffer Eg orsakar at eg grev fram att tråden litt, men er me no sikre på at Friendica er svaret? Kva med ? Eg har prøvd å undersøkje arvtakaren, , men det er nesten ingen dokumentasjon å finne. Då blir det naudsynt å spørja kunnige her. @tale bruker vel Hubzilla, korleis er det når det gjeld tilsvarande funksjonar som Facebook-grupper?

@aujawindar @pilum @tc @christoffer @tale Eg er korkje 100% sikker på om Friendica er Svaret eller om svaret i det heile finst (enno). Sjølv har eg ikkje funne det som vil få meg til prøve få ein del vennar til redusere Facebook-bruken. Zap, og for den saks skuld Hubzilla, har eg ikkje tatt i heller, så no må eg vel grave litt.

@Steinar @aujawindar @pilum @tc @christoffer @tale Jeg savner også et opplegg for grupper (både åpne og private) i fødiverset. Hvis det ikke finnes fra før kan det kanskje bli et eget FOSS-prosjekt? Any takers?

@haldorsen @Steinar @pilum @tc @christoffer @tale Eg hadde vona me slapp eit nytt prosjekt 😄 - men du har sjølvsagt rett: Viss funksjonane ikkje finst i noko programvare som eksisterer frå før, då må me laga det. Eg går sterkt ut frå at det beste er å leggja til ein gruppefunksjon i ei løysing som allereie er i drift (td. eller andre). Eg sjølv kan ikkje skrive programvare, men eg kan omsetja.

@aujawindar @haldorsen @Steinar @tc @christoffer @tale Eg kan ta ein kikk på Hubzilla når eg får tid (det blir ikkje denne veka). Eg hadde uansett tenkt å sjekke litt fleire alternativ før eg landar på noko. 😄

Ift. nytt prosjekt so kan eg vere tilgjengeleg for code reviews, men eg har ikkje kapasitest til å ta på meg å utvikle noko slikt.

@pilum @aujawindar @haldorsen @tc @christoffer @tale Eg er backendskalle, så har heller ikkje kapasitet. For meg ser det ut som det er fleire plattformer som er «nesten der», og da vert legge ut ein dusør for ei av dei med mest aktivt miljø realistisk. Sjølv lurer eg på om ikkje ein uvanleg konfig og kanskje eit drypp kode er nok, i og med desse systema verkar nokså fleksible og allereie ønsker dra inn eigenskapane vi har spurt etter i denne tråden.

Følg

@Steinar @pilum @aujawindar @tc @christoffer @tale Absolutt! Enig i at det beste er å bygge videre på noe som finnes fra før. Og kanskje lage et superryddig UI for gruppefunksjonaliteten, så det blir lett for vanlige folk å ta det i bruk.

Logg på for å delta i samtalen
Snabelen.no

Ein norsk tenar for den desentraliserte sosiale media platformen Mastodon.