Joho godtfolk, og god laurdagskveld! Eg har eit lite oppdrag til dykk nettverksskallar: Eg har omsett ferdig til nynorsk, og bed dykk prøve ut herlegdomen på demo.mobilizon.org/. Eg sjølv har sett nokre glepptak i omsetjinga, og tek gjerne imot fleire rettingar.

Eg synest dette er ei bitteliti markering verdt, fordi eit fint alternativ til Facebook-grupper og -hendingar no er opna for norske brukarar. Eg tek eit glas raudt, i alle fall, så får de hine gjera som de lystar.

Følg

@aujawindar
Eg skulle gjerne invitera deg inn på treffast.no, men dessverre så havnar all utgåande e-post frå den i spamfilteret til epostleverandøren min...😒

@Tor Christian 🇧🇻 Har dere noen plan om å spesifisere "Reglar for nettstaden" noe mer? Den er noe vag.

@harald
Det burde vel gjerast. Eg har bare fått det opp og køyre for å kome igang. Burde få den over på ein meir etablert rigg etterkvart tenker eg.

@Tor Christian 🇧🇻 Ah, ok. Skjønner ting kommer etter hvert da. Bra tiltak, digger domenet!
Logg på for å delta i samtalen
Snabelen.no

Ein norsk tenar for den desentraliserte sosiale media platformen Mastodon.