Joho godtfolk, og god laurdagskveld! Eg har eit lite oppdrag til dykk nettverksskallar: Eg har omsett #Mobilizon ferdig til nynorsk, og bed dykk prøve ut herlegdomen på https://demo.mobilizon.org/. Eg sjølv har sett nokre glepptak i omsetjinga, og tek gjerne imot fleire rettingar.
Eg synest dette er ei bitteliti markering verdt, fordi eit fint alternativ til Facebook-grupper og -hendingar no er opna for norske brukarar. Eg tek eit glas raudt, i alle fall, så får de hine gjera som de lystar.
@aujawindar
Eg skulle gjerne invitera deg inn på https://treffast.no, men dessverre så havnar all utgåande e-post frå den i spamfilteret til epostleverandøren min...😒