Den aller beste typen syltetøy – nemleg nektarinsyltetøy – får ein ikkje kjøpt i butikk. Men syltar ein sjølv, får ein eit syltetøy med både herleg smak og herleg farge!
Og akkurat no er nektarinar til sals ganske rimeleg, så det er berre å kjøpa eit par korger og sylta i veg.
Eg pleier bruka oppskrifta til Gunda Djupvik, og det vert alltid suksess: https://altgodt.no/2012/06/15/nektarinsyltetoy-instant-suksess/
(1 kg nektarin reinsa vekt svarar til litt under to korger.)