Me var ikkje heime frå interrail ei veke ein gong før me bestemte oss for (og bestilte) neste interrail!
Det blir påske-edition neste år.
Me var ikkje heime frå interrail ei veke ein gong før me bestemte oss for (og bestilte) neste interrail!
Det blir påske-edition neste år.
Bryllaupsreisa er over! Det var deileg å få sove i eiga seng att. No ventar ein dag på sofaen.
Skal prøve å redigere litt på nedskrivinga etter kvart:
https://markus.plus/reisar/interrail/2025
Eg rakk å bli ferdig med ei bok til før det blei slutt på #togferie!
«Bookshops & Bonedusts» var gøy, eg gler meg til tredje bok i serien som kjem no i haust.
I dag stoppa toget plutseleg på ein "ny" stasjon inni fjellet. Eg har aldri opplevd at Bergensbanen stoppar inni fjellet før og blei heilt forbausa.
Det visar seg at det er ein haldeplass! Altså ein stasjon kor du må ta ut handa for å stoppe toget om du vil på.
Bergensbanen er enda veldig fin, men det blir faktisk vanskeleg å samenlikna med alle dei fine strekka i Sveits.
Ein ting trur eg iallfall er klart, eg må gjere forskjell på "vanleg" bane og fjellbane. Det er vanskeleg å måle seg med det spektakulære som du kan oppleve på ei fjellbane.
No er me på bryllaupsreisas siste strekk. Oslo - Bergen. Lengste dagstrekket på heile turen.
Etter å ha tatt tog i Skottland så såg me annleis på denne viddebana, lurar på om me ser den annleis no etter alle fjellbanane i Sveits.
Cultivate Food på Grünerløkka er så godt. Det er ein fryd å besøke kvar gong.
Dei har fått tofurøre på menyen sida sist, og det er ein av dei betre eg har åte ute. (Min eiga er best)
Tri minutt på jarnbanetorget i Oslo før me såg besøkets fyrste kjendis. Han mannlege dommaren i det norske bakermesterskapet.
Han såg på meg, eg nikka. Han svarte ikkje på nikket.
Etter tri vekar er me tilbake i Noreg. Synet av tjern på båe sidar av toget etterfulgt av nokre små hus er som alltid det fyrste me ser.
Fyrste gong me tok dette Gøteborg-toget til Oslo sa konduktøren «velkomen heim!» og det var veldig hyggeleg.
Alle konduktørar etterpå har berre antatt at me er utanlandske og snakkar engelsk til oss mens me seiar hei og takk på norsk.
Det er rart å føle seg heime mens ein enda er godt inni Sverige.
Me er på eit norsk Vy-tog, toget snakkar norsk!
Dette toget er så godt som heime.
Buss-for-tog i Sverige Folk står jo faktisk i kø, og let ein gå ombord!!!
Me er på siste dag av #togferie. Ein av turens lengste dagar, ~17 timar.
I dag blir det tog, buss (for tog), tog, tog, og så tog! Me får oss ein middagspause på Grünerløkka før me avsluttar turen over Hardangervidda.
Å sitte på Öresundståg frå København mot Gøteborg gjev faktisk om lag 25% kjensle av å vera heima.
Det var så vidt me nådde siste Öresundståg ut av København H for dagen! Ei hending mellom Odense og Nyborg gjorde oss ~40min forsinka.
No sitt me på aller siste tog av dagen, og me skal forlate kontinentet!
No skal me snart få sjå havet for fyrste gong på tri vekar. Førre gong me såg det var på nett same plass, men då tok me ikkje inn over oss at det var tri vekar til neste gong.
No snakkar toget dansk!
Det er like gøy kvar gong at augenblikket toget krysser grensa så forventar det at du forstår dansk.