Vegen ut fjorden frå oss er stengt i juli pga vegarbeid på ei bru. Omkjøringsvegen er berre 10 minutt ekstra, men den er smal nesten heile strekninga, og gurimalla kor mange folk det finst som ikkje kan å kjøre møteplassveg!
#NorsktTut
Vart mykje møteplasstopp på meg på veg heim att, gitt. Det er visst gravferd i kyrkja, og veldig mange av den eldre garde frå indre delar av kommunen skulle i den.
#NorsktTut #Allheimen