"Passar" hønene (og den eine hanen) til kusina mi i helga. Det vil seie å slå av lyset og ta med heim egga () i kveld, og å slå på lyset og gje dei mat i morgon. Sjå at dei og dei fem geitene framleis har vatn. Og så får eg plukke så mykje jordbær eg vil i morgon. Veldig grei sommarjobb.
#NorskTut
Da eg kom opp til kusina i dag, sto fire av geitene på feil side av gjerdet. Fekk lokka dei inn att med litt kraftfôr. Medan vi plukka jordbær, stakk dei piname av igjen! Søstra hjalp meg å jage dei inn att.
Etterpå dro eg opp til "vatnet" og jogga ein runde. Møtte på ein hoggorm, så lurt å halde auga på vegen. Hadde tenkt å plukke meir blåbær, men det var for mykje klegg.
No skal eg røre jordbæra til syltetøy, og så blåbæra eg har plukka tidlegare i veka.
#NorskTut