Eg synest psykologen Carol Gilligan sa noko interessant i filmen "Beyond Men and Masculinity", så eg vil omsetje det til norsk i denne tråden. Ho trekkjer liner frå skadelege mekanismar i samfunnet attende til korleis små gutar startar prosessen med å identifisera seg som menn.
Relasjonar er avhengige av at ein reparerer dei uungåelege sprekkene som vil oppstå. Når du misser kontakt, korleis får du kontakt att?
Det patriarkatet gjer – under dekke av manndom, eller av å vera ein kar – ein av av karane, er at når ein gut byrjar å registrera tapet av tilknytning – som t.d. eit lite barn: «Oi, me har mista kontakten!» og så byrjar han å kjenna på følelsane av dette tapet – då kjem det ei stemme som seier: «Er du eit barn!? Du treng ikkje denne relasjonen!»
Ein kjenner skam over å føle tapet av ei tilknytning – og mister dermed evna til å handle på desse følelsane og reparere tilknytninga. Det gjer den øydelagde relasjonen umogleg å reparere.
Straks ein avbryt eller hemmar dei relasjonelle evnene, lagar det grobotn for all slags undertrykking
Patriarkatet underminerer ein sentral del av demokratiet. Demokratiet er avhengig av likeverdige røyster. Om du ikkje har ei likeverdig røyst kan du ikkje løysa ei konflikt i ein relasjon – og du blir avhengig av å bruke makt. Og kven er sterkast?
Personen på botnen kan ikkje ha ei røyst verdt å høyra på – for du kan ikkje samtidig høyre på den personen og likevel halde fram med å gjera det du gjer. Personen på toppen kjenner ikkje følelsane til personen på botnen – noko du ser over alt i dagens samfunn.
Så me har altså ein psykologi som opprettheld ein politikk, og ein politikk som er avhengig av psykologien.
Og ein annan ting er at om du baserer manndom eller maskulinitet på konseptet binære kjønn, betyr det at å vera ein mann er det samme som ikkje å vera ei kvinne – eller vera som ei kvinne, og det å vera i ein overordna posisjon. Så alle steg mot demokrati og dermed også likskap, blir ein trussel mot manndomen.
Det er dette me ser no. Det er dette som utspelar seg. Og om manndomen er truga, er vald rett rundt hjørnet.
Det er eit puslespel som me må løysa. Korleis skapar me endring utan å leggja skam på manndomen – og dermed framprovosera vald? Me må finna ut korleis får me til denne endringa utan at det triggar ei gjenninnføring av den patriarkalske strukturen.
- End -