Veit nokon kva norske selskap som importerte russiske varer for 3,1 mrd kroner i mars? Eg ynskjer ikkje å støtte krigsbrottsverk eller folkemord økonomisk, og vil difor boycotte både desse selskapa og eventuelle selskap som kjøper produkta deira.

2/2 All gassen som Putler-Russland leverer til EU no vart seld på lange kontrakter for fleire år sidan. Prisen er knytt til oljeprisen, og er mykje lågare enn marknadsprisen på gass. Gass er mangelvare, olje kan EU skaffe frå mange kjelder. Difor kan Putler auke den reelle prisen på gass ganske mykje før kjøparane takkar nei til gassen.

1/2 Grunnen til at Putler no krev betaling for gass i rublar, er at han vil auke prisen. RUB er ikkje ein konvertibel valuta. Han er avgrensa på linje med cubanske peso. Dermed har du ein offisiell vekslingskurs med svært strenge avgrensingar på kven som får veksle og kor mykje, og ein uoffisiell reell marknadskurs som du får på svartebørsen. Den offisielle er mykje dårlegare. EU kan ikkje kjøpe rublane på gata i Moskva, dei må kjøpe i banken til offisiell kurs.

Eg har inntrykk av at ingen som kritiserer bitcoin forstår korleis norske kroner vert til. Bitcoin er lett å forstå, og difor lett å kritisere. Svært få forstår korleis norske kroner vert til eller korleis fiat faktisk fungerer.

“It is well enough that people of the nation do not understand our banking and monetary system, for if they did, I believe there would be a revolution before tomorrow morning.”
– Henry Ford

NATO countries should have used todays meeting in the Security Council to suggest a no fly zone over Ukraine if any biological or chemical weapons were used by any of the combatants. Purpose: To make spreading illegal biological or chemical agents over a large area from aircraft impossible. Russia should be happy to support that, if they suspect such weapons to be used by the enemy.

Hydrogen som drivstoff mangedoblar energiforbruket. Ein enkelt vindturbin er truleg nok til å drive hurtigbåten frå Måløy til Bergen dersom han går på batteri. Med "grønt" hydrogen trengst minst 4 vindturbinar for å drive båten. Enormt energitap frå straum via hydrogen til straum. Energiforbruket må *ned* dersom vi skal klare det grøne skiftet.

Å kalle "grønt" hydrogen for grønt må vere sjølve definisjonen av grønvasking. 1 kg hydrogen produsert med damp-reformering av naturgass gjev 10 kg CO2. 1 kg hydrogen produsert med elektrolyse kostar 50 kWh. Dersom 50 kWh heller kunne erstatta 50 kWh gasskraft i Storbritannia eller Tyskland, hadde vi spart 25 kg CO2-utslepp! 50 kg dersom vi kunne erstatta kolkraft. Dvs eit meirutslepp på 15-35 kg CO2 pr kg "grønt" hydrogen.

No går bensin- og dieselprisen i taket. På tide å plugge eksportrøyrleidningane for norsk olje og gass! Ikkje selje ut arvesylvet vårt til Europa gjennom einvegs eksportrøyr, men la det vere billig olje og gass til norske forbrukarar og industri! Vi får aldri att denne oljen og gassen. Kan heller eksportere fornybar energi, for den tek aldri slutt.

Snabelen.no

Ein norsk heimstad for den desentraliserte mikroblogge-plattformen Mastodon.