Eg høyrde halve The Golden Legend av Nadeem Aslam på lydbok. Eg syntes boka var heilt ok og veldig nøktern og distansert. Nesten som om historia besto av berre ei opplesing av fakta. Så høyrde eg nokon lovprise forfattaren på BookTube og begynte å lure på om det var måten innlesaren las på som skapte denne avstanden til historia. Eg kjøpte eboka, og ja. Det er som å lese ei heilt anna bok. Nokre gongar passar ikkje innlesaren til boka.
#Bøker #Litteratut
Eg opplevde det samme for nokre veker sidan da eg las A Marvellous Light av Freya Marske i ein buddy read på Book Lovers Club. Eg var veldig nær ved å DNFe boka etter 5 kapittel. Det kjentes som innlesaren nesten ropte setningane mot meg. Eg fekk fnatt. Dei andre i samlesinga anbefalte meg å gå over til eboka, og eg er glad dei gjorde det. Det var ei ganske ok+ historie med ei følsomheit mellom hovudpersonane som innlesaren aldri ville kunne formidle.
#Bøker #Litteratut