Eg brukar for det meste Google: mail, dokument, nettleser, endåtil mobiltelefonen. Dette bruket mitt er å støtte opp amerikanske selskap. Og eg har grubla ei stund om det er på tide å bryte og støtte opp om europeiske tech-selskap. Men har blitt ganske så avhengig av Google, det er heilt sikkert. Kva gjer dokker her på #allheimen og #fediverse ? Er der betre alternativ? Er det noken vits i det? #Norsktut
(1/2) @filmloftet Har bytta til dette:
Operativsystem: Fedora, /e/OS (telefon)
Nettlesar: LibreWolf, Fennec (telefon) m/ uBlock, NoScript og Privacy Badger
E-post: Proton (mellombels) via Thunderbird og K-9 (telefon)
Masselagring: Samling av div. lagringsmedium (òg mellombels)
Kart: OSM, ut.no, OsmAnd (telefon)
Flyfoto: Norgeskart for Noreg, Géoportail for Frankrike (finst tilsvarande i fleire land)
Betaling: Kort og kontant, mest sistnemde
Kommunikasjon: Signal
Youtube-tenarar: Grayjay, Newpipe
(2/2) @filmloftet
Play Store-alternativ: F-droid
Dokumentar: Cryptpad, Framapad
Planleggja møte: Framadate
Noko eg har gløymd?
@eni124 Kva mobiltelefon brukar du? Takkar for tipsa. Litt å sette meg inn i. Ein ny verden for meg dette.
@filmloftet Eg bruker ein Fairphone 4, liste over støtta einingar her:
https://doc.e.foundation/devices
Ja, for min del har det vore ein fleirårig prosess med mange diskusjonar. Viktigaste er at du gjer det i ditt eige tempo, og gjer det lettast mogleg for deg sjølv :) Det hjelpar mykje å snakka med dei rundt deg og skape forståing om kvifor du gjer dette. Ønskjer deg mykje lykke til! Ikkje nøl med å stilla fleire spørsmål.
@eni124 Hjartans takk :)