Følg

Hører mye prat om at epost er forurensende og superineffektivt. Hvorfor det? Gjelder dette også små epostservere, eller bare de store tilbyderne (som Gmail)? Finnes det noen fungerende alternativer til epost? @Steinar

@haldorsen

Eg brukar posteo til min private epost. Det e ein epost du betaler for med pengar istan for person info.

Dei tyske tenarmaskinene går på miljøvennlig energi og arbeidarane får mat på jobb og dei har utruleg god kunde-service.

posteo.de/en

Ellers e protonmail og tutanoa gode epost alternativar.

@Steinar

@christoffer @haldorsen Kinkig svare kort, men: Som med så mykje anna, hovudproblemet er ikkje "din" epost, men det vanvittige totalvolumet spam. I tillegg er ikkje mail designa for vera effektivt, som nemnt, men spam er nok det verste. Sjølv kjenner eg ikkje til gode alternativ. Eg kan prøve skrive ein meir utfyllande serie postar når eg har eit tastatur føre meg.

@christoffer @haldorsen Litt betre svar, 1/n. For å byrje med korfor mail er ineffektivt i seg sjølv: Mail-protokollen er tenkt vera enkel, altså enkel dersom du er amerikansk programmerar på 1980-talet. Som så mykje anna tenkt vera enkelt, er protokollen ganske maskinfiendtleg. Det er mykje overhead involvert i å parse, rute og transportere ein mail ein kunne spart seg dersom det hadde vore tenkt skalere frå dag 1. For å gjera vondt verre var mail tenkt vera kompatibelt med ...

@christoffer @haldorsen ... diverse mailsystem som verda no har gløymd, så ting ein skulle tru er enkelt, til dømes avgjera om noko er ei gyldig epostadresse er faktisk latterleg komplisert dersom du aktar lage noko som både er korrekt og faktisk fungerer i produksjon. Meldingane sjølv er tiltenkt er ei verd der det er heilt begrense data til US-ASCII, så alt anna vert sendt som dataformat som... igjen må pakkast ned og opp og ut og inn av ulik programvare. 2/n

@christoffer @haldorsen Ein har altså ein situasjon der ein mailserver har valet mellom anten arbeide på ineffektivt representerte data eller bruke ekstra ressursar på konvertere dei til noko meir effektiv til rein innvortes bruk. Begge delar kunne ein unngått ved bruke ein meldingsarkitektur designe for nokre milliardar brukarar distribuert, i staden for nokre tusen på same firma- eller universitetscampus. Og der ligg òg korfor mail slit slik med spam: 3/n

Sia mail har eksakt null design med tanke på robust sikkerheit, kan kven som helst sende mail til kven som helst utan noko reell nedside for sendaren ved drive svindel. Mail er som skapt for svindelforsøk. Denne openheita er òg ein del av grunnen til at det er den noverande dominante mailprotokollen (SMTP) vart dominant, det er ein protokoll for «a kinder, gentler era». :) Når over 50% av trafikken er spam og dette i tillegg vert transportert i eit lite effektivt format... 4/n

(til og med datoformatet er barokt og utdatert i mail), er det ikkje spesielt rart at resultatet vert ein illeluktande lapskaus av ressurssløsing. Sia mail har levd lenge og vorte teke i bruk på ein heilt annan måte enn tiltenkt, får ein i tillegg (igjen) at mail i praksis er kinkig spesifisert og vagt inkompatibel med seg sjølv. Dermed vil store mailinstallasjonar ha ein tendens ha uforholdsmessig mange arbeidstimer forbrent på vedlikehald av mailsystemet... 5/n

... og svare på den uendelege straumen av spørsmål om «Kor vart det av mailen frå NN?!» Så, for å tl;dr'e: 1: Spesifikasjon som har lite med notida og noverande bruk gjera. 2: Usikkert design som medfører tung bruk som ikkje er i god tru. => 1: Mykje brente maskinressursar. 2: Mykje (ut)brente menneskeressursar. Vi vert «aldri» kvitt mail, men har eg saklege alternativ, bruker eg dei når eg kan. 6/6

@Steinar @christoffer Wow, det var en fantastisk lærerik innføring i epostproblematikken. Spendt på om det dukker opp et brukbart alternativ.

@Steinar For veletablerte domener/adresser er det vel over 80% spam, om man har tilgang på loggene fra MX/ytterste lag antispam.

Logg på for å delta i samtalen
Snabelen.no

Ein norsk tenar for den desentraliserte sosiale media platformen Mastodon.